Dette er ein akustisk intimkonsert der tradisjonelle viser, stev og slåttar frå Telemark står i sentrum. Jon Anders frå Lunde tar fram kjende og ukjende songar han har lært av kvedarar i Telemark på 1990-talet, eller har etter eldre opptak. Han har vunne Landskappleiken i kveding, gått 2 år på Ole Bull Akademiet i Voss og hadde ei av hovudrollene i folkemusikkversjonen av Tryllefløyta i 2005. Konserten er basert på CD-utgjevinga Komme no heim som har fått strålande kritikkar. På plata syng Halvorsen viser og stev åleine, eller innåt tradisjonelle folkemusikkinstrument.

Konsert fredag 17.januar 2014
Kl. 19.30

Billett kr. 200+avg. Kjøpes her.